Bedriftstur med MS Granvin til Fjelbergsundfestivalen, 11 juli 1992
Автор: ResserArkivet
Загружено: 2021-07-09
Просмотров: 2792
Описание:
Laurdag 11. juli 1992 samla dei ansatte i Bladet Sunnhordland seg ombord i MS Granvin ved nattrutekaien på Leirvik og reiste til Fjelbergsundfestivalen.
Vel framme vart det servert både mat og drikke, før det vart arrangert "Delfinkonkurranse". Bladet Sunnhordland sitt lag bestod av flaggberar Håvard Hystad, Åge Madsen, Reidar Hystad og ein "innleigd" Fredrik Litleskare.
Etterpå vart det arrangert Revkrok i robåt, ein konkurranse lokalavisa "Kvinnheringen" til slutt vann.
I tillegg til utallige småbåtar, er det og korte glimt av HSD ferja MF Melderskin, som gjekk i rute mellom Leirvik, Utbjoa og Fjelberg på denne tida.
MS Granvin vart bygd i 1931 ved Mjellem og Karlsen verft, og overlevert til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD). Her gjekk den dei første åra i lokale ruter, samt turistruter om sommaren.
I kraftig snøvêr 21. februar 1933 kom MS Granvin ut av kurs og gjekk på grunn på Tjuvahomen, nord for Øystese. Heldigvis kom ingen til skade, og det gjekk snart å reparere båten att.
Natt til 25. april 1940 frakta MS Granvin og MS Eidfjord norske soldatar frå Kinsarvik til Granvin, då fem tyske motortorpedobåtar angreip dei norske styrkene i Ulvik. MS Eidfjord vart teken som tysk krigsbytte, medan MS Granvin rakk å komme seg unna før sjølve angrepet. Under krigen fortsatte båten med lokal rutefart.
I 1968 vart "Granvin" seld til Partrederiet Olav Linga, og båten vart noko ombygd. To år seinare fekk den ny skorstein, med håp om at denne skulle dempe noko av motorlarmen. Det gjorde den ikkje, så då Veteranskipslaget Fjordabåten kjøpte MS Granvin i 1988, fekk den den tynne høge skorsteinen tilbake. Store deler av ombygginga frå 1968 vart omgjort, slik at båten no likna meir på slik den såg ut som ny.
I 1995 fekk MS Granvin status som verneverdig fartøy av Riksantikvaren, og i 2011 vart den freda.
MF Melderskin vart bygd ved Ankerløkken verft, Florø, og levert til HSD i 1963.
Etter long og tru teneste, vart ferja seld i 1995 til selskapet Fergekroen AS og fekk namnet "Fergekroen". Året etter vart den ombygd til restaurantbåt, noko den fungerte som fram til 2008, då den tok inn vatn og sokk ved kai i kanalen i Moss. Sendt til opphogging i 2014.
Повторяем попытку...
Доступные форматы для скачивания:
Скачать видео
-
Информация по загрузке: