MF Melderskin, MS Sleipner & MS Sunnhordland - Leirvik, september 1992
Автор: ResserArkivet
Загружено: 2020-11-20
Просмотров: 6560
Описание:
Ekte vestlandsk ruskavêr på Vikjo, ein haustdag i 1992.
Først ser ein eit kort glimt av MF Vestgar, tidlegare MF Rosendal hos HSD.
Deretter kjem MF Melderskin, i ruta Leirvik - Fjelberg - Utbjoa, finn sakte men sikkert vegen gjennom bølgene.
Flaggrutens MS Sleipner, på veg frå Stavanger til Bergen, har noko bedre fart gjennom den urolege sjøen, medan MS Sunnhordland må ta det litt rolegare på veg ut frå Leirvik.
MF Vestgar vart levert til HSD i 1956 som MF Rosendal.
Seld til Øygarden-Sotra Rutelag i 1979, og omdøypt "Vestgar".
Vart seinare ombygd til rein passasjerferje og nytta som selskaps- og transportbåt.
Omdøypt "Bogøy I Tromsø" i 2007, før den vart send til opphugging i 2014.
MF Melderskin vart bygd ved Ankerløkken verft, Florø, og levert til HSD i 1963.
Etter long og tru teneste, vart ferja seld i 1995 til selskapet Fergekroen AS og fekk namnet "Fergekroen". Året etter vart den ombygd til restaurantbåt, noko den fungerte som fram til 2008, då den tok inn vatn og sokk ved kai i kanalen i Moss. Sendt til opphogging i 2014.
MS Sleipner vart saman med søsterskipet MS Draupner levert til P/R Flaggruten ANS (Det Stavangerske Dampskibsselskab) i 1989.
Seld i 1997 til Estland der den fekk namnet "Tallink Express I"
Seld vidare til Malta i 2001 og omdøypt "Panormitis", før turen gjekk vidare til Hellas Speed Cat på Rhodos i 2008.
Framleis i drift som "Speed Cat I" i skrivande stund.
MS Sunnhordland vart bygd ved Westermoen Hydrofoil i Mandal, og levert til HSD i 1975. Båten vart seld til Kroatia i 1999, og har sidan den tid gått som turistbåt under namnet "Broc".
Повторяем попытку...
Доступные форматы для скачивания:
Скачать видео
-
Информация по загрузке: