MS Atle Jarl - Sjøsetting ved Georg Eides Sønner A/S, sommaren 1974
Автор: ResserArkivet
Загружено: 2022-04-15
Просмотров: 5002
Описание:
Frå klargjering og sjøsetting av MS Atle Jarl ved Georg Eides Sønner A/S.
Sjøsettinga fann stad sommaren 1974, og mange skuelystne møtte opp for å sjå på.
I november same året, like før planlagd overlevering, vart «Atle Jarl» nærast totalskadd i ein brann som oppstod om bord.
To år seinare, juni 1976, var båten bygd opp att, til ein pris på om lag 20 millionar kroner, og levert til Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab i Trondheim. I 1979 vart den overført til Nor-Cargo AS.
«Atle Jarl» opererte som lasteskip for Nor-Cargo fram til hausten 1995, då den vart seld til Blanter Navigation Ltd i Liberia, og omdøypt til «Mare Freezer». Seld vidare til Green Flake Ltd, Malta, året etter og omdøypt til «Green Flake».
I 2005 vart skipet seld til Nescofish Ltd, Skottland, og fekk nytt namn «Nesco Reefer».
Seld vidare til ukjend kjøpar i februar 2011 og omdøypt «Servis».
Siste kjende observasjon var i 2020, men det er mogleg skipet framleis er i drift i skrivande stund.
Musikk:
Roman Senyk – Epic Cinematic
Link: • Epic Cinematic - Royalty Free/Music Licensing
Повторяем попытку...
Доступные форматы для скачивания:
Скачать видео
-
Информация по загрузке: