Utprøving av sitskier fra Bardum påsken 2019
Автор: Robert Skogvold
Загружено: 2019-04-28
Просмотров: 1137
Описание:
Dette er ein video der eg deler mine tankar om nokre av dei forskjellige sitskiane som Bardum forhandler etter at eg fekk prøva dei ut no i påsken.
NB! Alle har forskjellige skader og utfordringar, så eg kan berre tala ut i frå mine opplevelsar, men eg trur likavell at dette kan væra ein grei peikepinn for mange.
Tusen takk til Bardum AS for denne unike muligheten!
Sitskiane som er nevnt her finner du under følgjande linker:
https://bardum.no/produktkategori/vin...
https://sitski.no/sittende_alpint/
Også ein stor takk til Beitostølen Helsesportsenter:
https://www.bhss.no/
Kort oppsummert:
Tessier Scarver er for viderekomne og for personar med hovedsaklig lavere skade. Den har mange justeringsmulighetar og kan tilpasses godt for dei som klarer å mestra denne.
Tessier Tempo Uniski er ein allmenn-sitski, også hovedsaklig for folk med litt lavere skade tenker eg, dersom ein skal køyra sjølvstendig. Den har mulighet for ledsagerkøyring og det kan tenkast at det er eit pluss med god demper for dette formålet også dersom ein ønsker heftig køyring.
Tessier Tempo Access er ein nybegynner-sitski og ein sitski for folk som ønsker kort veg til meisting. Eit godt alternativ for oss med høgare skade! Den har også mulighet for ledsagerkøyring.
Dette er ein lavere sitski som også er lettare å komma seg opp med etter evt. fall. Den har visse begrensningar mtp. høyde og demping (har ikkje vanlig fjøring), men for dei fleste "normale" folk som ikkje har tenkt til å køyra i veldig bratt og ulent terreng så tenker eg at dette ikkje er eit problem. Ein kan ha relativt høg fart under normale forhold før dempinga blir eit problem.
Praschberger Monoski er ein allmenn-sitski for folk med både lav og høgare skade som har forutsetningar for å kunna læra å køyra sjølvstendig. Denne er lettkøyrt og har god demping. Den er ein god del høgare enn overnevnte "Tessier Tempo Access" og krever derfor også ein del betre balanse. Denne har ikkje mulighet for ledsagerkøyring.
HOC Biski Glide er ikkje lengre i produksjon
Повторяем попытку...
Доступные форматы для скачивания:
Скачать видео
-
Информация по загрузке: